LibreOffice

Fra IT-hjelp UiB
Revisjon per 7. okt. 2013 kl. 18:53 av Edpjm (diskusjon | bidrag) (Oppretta side basert på sida om OpenOffice.org. Fjerna delen om tillegg, då mykje funksjonalitet er blitt integrert i LibreOffice.)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)


Informasjon.gif Har du lyst til å gi oss en
Tilbakemelding
på denne siden?

Informasjon.gif Under utvikling! Denne siden er under utvikling og ble sist oppdatert 7.10.2013 av Edpjm . Artikkelen kan eksistere på engelsk. Se etter en språklenke i menyen til venstre.

Fritt program
Bruksområder
Programpakke til kontorstøtte
Kort om programmet
Hjemmeside http://www.libreoffice.org
Lisens LGPL v3
Tilsvarende program Microsoft Office, WordPerfect Office
Tilgjengelige plattformer WinLinuxMac OS
Pakket av IT-avdelingen WinLinuxMac OS

Ein fri kontorpakke

LibreOffice er ein fri (open og gratis) kontorpakke omsett til bokmål, nynorsk og mange andre språk. Den finst til Windows, Mac og Linux og er eit reelt alternativ til Microsoft Office og Apple iWork. LibreOffice byggjer på OpenOffice.org.

LibreOffice.org blir installert av IT-avdelinga på "klientdrifta" datamaskiner med Linux og Windows

Dei norske omsetjingane (opprinneleg for OpenOffice.org) er finansierte av stiftinga Åpne kontorprogram på norsk, som er eit samarbeid mellom fleire kommunar og fylkeskommunar, Skolelinux og Norwegian Unix User Group.

LibreOffice.org lagrar som standard i OpenDocument Format, ODF.

LibreOffice er uavhengig av plattform

Dette har ei rad fordeler. Mellom anna vil det seie at alle programma i LibreOffice.org verker på same måten anten du nyttar GNU/Linux, *BSD, Mac OS X eller Windows. Det legg òg nokre føringar på korleis programmet er laga.

Til dømes er det ikkje råd å integrere funksjonar for utskrift like tett i operativsystemet sine funksjonar som Microsoft kan med sine Office-program på Windows. Dette fører mellom anna til at dei fleste instillingane om utskrift er samla under menypunktet Format => Side ..., slik at det vert likt på alle plattformer. Det er altså her du kan velje sideretning og sideformat.

Laste ned

http://www.libreffice.org/download

Hjelp

Du kan finne mykje hjelp på http://www.libreoffice.org/get-help/

Delprogram

LibreOffice.org er sett saman av ulike delprogram. Les om nokre av desse her.

Writer

Dette er programmet for å skrive tekst. Det har stort sett alle dei funksjonane som er relevante for bruk på eit kontor, til dømes brevfletting og malar.

PDF-filer kan også importerast og redigerast i LibreOffice Writer.

Litteraturreferansar er det innebygd funksjonalitet for i LibreOffice.

Draw

LibreOffice har eit godt teikneprogram for vektorteikningar. I Draw kan du også redigere PDF-filer og SVG-filer.

Impress

Dette er eit verkty for å lage presentasjonar for skjerm, prosjektør eller verdsveven. Det er litt annleis å arbeide med Impress enn å arbeide med til dømes PowerPoint. Men du vil normalt finne dei funksjonane du treng.