Veiledning-studentrapporter
Brukarrettleiing for studentrapportar
UiBs portal for studentrapportar gjev studentar frå UiB som har vore på utvekslingsopphald i utlandet høve til å levere sin rapport elektronisk.
Logg inn med ditt UiB-brukernamn og passord.
Du kjem no til ei oversiktsside der ein tom rapport allereie er oppretta og knytt til det universitetet du utveksla til:
Klikk på tittelen for den rapporten du ønsker å skrive og klikk deretter i fanen "Rediger".
Du kan nå legge inn din rapport i dei felta som er tilgjengelege.
Tittel: her treng du ikkje skrive noko – ny tittel vert gjeve av administrator før publisering.
Anonymitet: denne boksen har foreløpig ingen relevans, då alle rapportar uansett vert publisert utan studenten sitt namn.
Fristekstfelt: Fyll inn dine tilbakemeldingar i dei sju fritekstfelta Førebuingar/praktiske tips, Undervisningsformer, Vurdering av emnetilbodet, Fagleg utbyte og språk, Universitetsområdet og byen, Bustad og Sosialt miljø.
Status: Rapporten har to moglege statusar. Så lenge status står som «Under arbeid» signaliserer dette at du fortsatt arbeider med den. Du kan lagre rapporten og gå tilbake seinare og redigere vidare.
Når du har skrive inn din rapport, skifta til status “Ferdig” og lagra den har du levert din studentrapport!
Dersom du skulle ha tekniske problem med rapporten kan du sende ein epost til utveksling@uib.no – skriv «UiB Studentrapport» i emnefeltet!