Informasjon om undervisningsrom: Forskjell mellom sideversjoner
m (Infomasjon om undervisningsrom flyttet til Informasjon om undervisningsrom) |
|
(Ingen forskjell)
|
Sideversjonen fra 9. feb. 2010 kl. 17:07
Her ligg informasjon til forelesarar om bruk av auditorium og andre undervisningsrom.
Bestilling av auditorium og undervisningsrom
Bestilling av auditorium/undervisningsrom skjer via kontaktpersonar på fakultet/institutt/avdeling (Studiekonsulent eller Infosenter).
Viktig: Eksterne forelesarar som ikkje har uib-konto (tilsett eller student) og skal nytta PC som er i undervisningsommet må få ein kurskonto (sjå under). Dei som organiserer undervisninga må sørge for at forelesarar får kurskonto. Lokalt brukarstøttepersonell (PC-vakter) kan ikkje lage slik konto.
Det er viktig at områdeansvarlege på fakultetet får beskjed i god tid om kva programvare/operativsystem som skal nyttast i undervisninga. Dette gjeld både i PC-stover og auditorier.
Programvare
- Dersom ein skal nytte programvare i eit semesterkurs som ikkje var nytta i føregåande semester ber vi om at forelesar sender ei liste over programvaren til dei områdeansvarlege ved kvart fakultet før semesterstart. Det same gjeld dersom ein ynskjer nye versjonar og oppdateringar.
- Om ein skal bruke programvare som ikkje er installert så må det seiast ifrå minst 2 veker på førehand slik at programvaren kan klargjerast for distribusjon til dei aktuelle maskinene.
- Hugs at ein alltid skal ha testa oppsett på maskiner eit par dagar i førevegen før kursstart. All programvare skal testast av ein kyndig person innanfor spesifikke program. Full brukaroppleving av eventuelle kurskonto, tilsettkonto eller studentkonto bør testast.
Om punkta over ikkje er følgt er ein ikkje garantert å få "på staden hjelp" om ein står fast midt i eit kurs.
Kurskonto
Kurskontoar skal brukast av eksterne ( personar som ikkje har tilsett- eller studentkonto) som treng tilgang til pc i auditorium/undervisningsrom eller pc-salar. Kontoen kan også brukast til å autentisera seg i det trådlause nettet. IT-avdelinga krev at ein gjev informasjon om kvar av dei eksterne brukarane som skal nytte dataanlegget eller kople seg til det trådlause UiB nettet. Kontoen kan maksimum 30 dagar og vil vere tilgjengeleg straks den er generert via prosedyren under. Alle tilsette ved UiB kan lage kurskontoar ved å nytte følgjande prosedyre:
- Opne SEBRA (http://sebra.uib.no)
- Vel "Min Konto > Ansatt"
- Logg inn med dine brukardata
- På menyen til venstre, vel "Jeg søker tilgang > kurskonto"
- Du kan no lage kurskontoar for kursdeltakarar (maks 30 dagar)
Kurskontoar vert laga i student-domenet. Sjå også http://www.uib.no/persok/Sebra/Opprette_kurskonto.htm. Dersom dei skal nyttast på maskiner med GNU/Linux må ein senda epost til sebra@it.uib.no med liste over dei brukerid/kontoar som skal bruke linux-klient.
PC-vakter
I nærleiken av PC-stover/Auditorium ved kvart fakultet sit det PC-vakter. Oppgåvene til PC-vaktene er:
- Lokal brukarstøtte i auditorium og undervisningsrom.
- Hjelpe studentane med bruk av dataanlegget.
- Skal ikkje hjelpe studentane med fagspesifikke problem og oppgåveløysing.
- Kan ikkje lage kurskontoar.
Ein oversikt over PC-vakter og opningstider finn du i studentportalen'.
Digitalisering av undervisningsmateriale i eldre format
Dias lysbilete og video-kassettar i alle format som vert brukt i undervisninga kan digitaliserast og overførast til CD/DVD/PC for enkel framvising med PC og projektor. IT-avdelinga vil anbefale dette, både sidan gamalt undervisningsutstyr er sårbart, og fordi digitalisering er ein måte å ivareta og forlenge levealderen til det aktuelle materialet. Det finst fleire bedrifter som tilbyr denne tenesta. Den nærmaste er ASVO Bergen AS i Industrihuset på Møhlenpris.
Utskriftsvenleg undervisningsmateriale
For presentasjonar som studentane skal skrive ut tilrår vi:
- Bruk ikkje mørke farger og bakgrunnar.
- Bruk tekst på kvit bakgrunn.
- Pass på at filstorleiken på bilete og grafikk ikkje er svært stor.
Demonstrasjon av utstyr i undervisningsrom
PC-vaktene kan gi ei innføring i bruk av utstyret i undervisningsrom i forkant av bruken. Ta kontakt med PC-vakt på fakultetet for å avtale tidspunkt. Bruk telefonnumra i oversikten "Auditorier og undervisningsrom".' '
Kontakt oss
Dersom du har problem eller lurer på noko om bruk av auditorium/undervisningsrom kan du kontakte oss på telefon 55588587. Konkrete problem skal meldast inn i Issue-tracker på http://bs.uib.no .
Kvart fakultet har områdeansvarlege som fungerer som 2.linje støtte, og som har ansvar for brukarstøtten i undervisningsromma. Ta kontakt på telefon for informasjon om undervisningsrom som ikke er knytta til fakultet.
Områdeansvarlege for dei ulike fakulteta er:
- Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet : Bente Hellan Bente.Hellan@it.uib.no
- Det samfunnsvitenskapelige Fakultet: Frode Lillestøl Frode.Lillestol@it.uib.no
- Det psykologiske Fakultet: Frode Lillestøl Frode.Lillestol@it.uib.no
- Det humanistiske fakultet: Jon Ingar Eikhaug Jon.Eikhaug@it.uib.no
- Det juridiske fakultet: Jon Ingar Eikhaug Jon.Eikhaug@it.uib.no
- Det medisinsk-odontologiske fakultet: Arild Fredriksen Arild.Fredriksen@it.uib.no